Sengilej (russisk Сенгиле́й) er ein by i Uljanovsk oblast i Russland med om lag 7 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre (vestre) breidda av Kujbysjev-reservoaret i elva Volga, rundt 50 km søraust for Uljanovsk.
Han vart grunnlagd i 1666 som ein defensiv militær utpost mot åtak frå nomadar. Det dannet seg etter kvart fleire slobodaer rundt utposten og på byrjinga av 1700-talet vart slobodaene Stanitsjnaja, Butyrskaja og Vybornaja slått saman til landsbyen Pokrovskoje (russisk: Покро́вское). I 1780 fekk landsbyen byrettar og namnet vart endra til Sengilej.
I 1925 mista Sengilej bystatusen og vart først rekna som landleg busetnad, men fekk seinare same år status som urbanliknande busetnad. Han fekk bystatus på nytt att i 1943.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Sengilej» frå , den 4. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1960 Kategori:Byar ved Volga