Danilov (russisk Дани́лов) er ein by i Jaroslavl oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar.
Historie Danilov vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1592. Han fekk byrettar i 1777.
Økonomi og næringsliv Industrien i byen består i eit større meieri og ein del treforedling. Det er òg ein større jernbanestasjon i byen, der ein bytar lokomotiv frå eit elektrisk system med 3kV likestraum til 25kV vekselstraum. Det går jernbanelinjer til Jaroslavl, Vologda og Buj.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1200-talet