Zelenograd (russisk Зеленогра́д, «Grøn by») er ein by i Russland, som òg dannar ein av dei administrative okrugane i Moskva. Han ligg 37 km frå sentrum av den russiske hovudstaden og har om lag 270 000 innbyggjarar.
Zelenograd vart grunnlagd i 1958 som eit svar til amerikanske Silicon Valley og han var offisielt ein lukka by fram til 1991. Han var eit av dei mest kraftfulle sentera for elektronikk-, mikroelektronikk- og dataindustri i Sovjetunionen og han spelar framleis ei tilsvarande rolle i dagens Russland.
I Zelenograd ligg det tekniske universitetet Moskvas institutt for elektronikk-teknologi (MIET). Elektronikkonsernet Sitronics vart grunnlagd i Zelenograd i 1997 og har i dag store verksemder i byen. Hovudkvarter til konsernet vart derimot flytta til Moskva i 2005.
Zelenograd vart bygd de novo i eit tidlegare aude skogsområde og arkitekturen og byplanen følgjer ein generell arkitektonisk plan (hovudarkitekt Igor Pokrovskij).
Galleri
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Zelenograd» frå , den 1. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar underlagt Moskva Kategori:Busetnader grunnlagde i 1958 Kategori:Lukka byar