Kargopol (russisk Каргополь) er ein by i Arkhangelsk oblast i Russland med om lag 9 000 innbyggjarar. Han ligg på begge sider av elva Onega rundt fem kilometer nord for innsjøen Latsja.

Historie mini|venstre|Ei av kyrkjene i Kargopol frå 1600-talet.

Det er uklårt kor tid Kargopol vart grunnlagd, men han er først nemnt i kjeldene i 1146. Han var ein handelsstasjon for Republikken Novgorod og ein av dei nordlegaste permanente slaviske busetnadane. Sjølv om det finst få kjelder frå den tidlegaste historia til byen, meiner ein at Kargopol var det viktigaste handelssenteret i Bjarmeland gjennom heile 1200- og 1300-talet. I 1447 var byen staden der Dmitrij Sjemjaka gøymde seg for Vasilij II av Moskva.

Byen ligg på den gamle ruta mellom Moskva og Arkhangelsk (på den tid den einaste russiske hamnebyen) og Kargopol vart ein av dei rikaste byane i Russland, særskild etter at det engelske Muscovy Company starta verksemda si her midt på 1500-talet. Under urotida i Russland motstod byen ei omleiring av polske og litauiske brigandar. Opprøraren Ivan Bolotnikov vart avretta i Kargopol i 1608.

Etter at Russland vann tilbake tilgangen til Austersjøen og Sankt Petersburg vart grunnlagt vart Kargopol mindre viktig. Folk frå Kargopol var likevel framleis aktive i utforskinga av det asiatiske Russland. Alexandr Baranov, den første guvernøren i Russisk Amerika (Alaska), vart fødd i Kargopol.

Kjende produkt og landemerke I dag er Kargopol ein søvnig historisk by ved Kenoozero nasjonalpark. Han er best kjent i Russland for Kargopol-leketøy (Kargopolskije igrusjki), som er små, enkle leirfigurar måla i tradisjonell stil.

Under gullalderen til byen på 1600-talet, vart Kargopol heimstad for ein sterkt lokalisert type russisk mellomalderarkitektur. Mange kyrkjer av tre og kvit stein har overlevd i byen og omegn. Den tidlegaste av desse bygningane er ein svartkupla katedral bygget av dolomitt av folk frå Novgorod og innvigd i 1562. Eit særmerke ved kyrkjene i Kargopol er fine utskjeringar i stein.

Geografi Klima

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Kargopol» frå , den 28. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde på 1100-talet