Kysjtym er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg på austsida av dei sørlege Uralfjella, rundt 90 km nordvest for Tsjeljabinsk, nær byen Oziorsk.

Atomulykke Kysjtym ligg nær det kjernefysiske komplekset Tsjeljabinsk-40, òg kjent som «Majak» («varde» på russisk). Her oppstod det den 29. september 1957 ein kraftig eksplosjon som involverte tørre nitrat og acetatsalt i ein tank med høgradioaktivt avfall. Ulukka forureina eit stort område som mellom anna omfatta Kysjtym. Eksplosjonen skuldast svikt i kjølesystemet til tanken. «Kyshtym accident» TED Case Studies: An Online Journal American University

Det vart slept ut 40 PBq med fisjonsprodukt. Cerium-144 og Zirconium-95 (begge relativt kortliva isotopar med ei halveringstid på respektive 285 og 64 dagar) utgjorde 91 % av utsleppet. Det var 1 PBq med Sr-90 og 13 TBq med Cs-137. Den forureina sonen, som vert kalla East Urals Radioactive Trace (EURT), målte 300 x 50 km og var forureina med meir enn 4 kBq/m² med Sr-90. Det globale nedfallet av Sr-90 var rundt 2 kBq/m². Eit område på 17 km² var forureina med rundt 100 MBq Sr-90/m².

Det var 270 000 innbyggjarar i området. Masseevakuering vart gjennomført, sidan den kritiske forureina kom frå Sr-90, med ei effektiv halveringstid på 10–20 år. Omkring 800 km² land vart teke ut av bruk. 82 % av dette området er no teke i bruk att, til skogdrift og jordbruk.

Kysjtym-ulukka vart stort sett skjult av sovjetiske styresmakter fram til 1980, då den sovjetiske biologen Zjores Medvedev avslørte hendinga.

Galleri

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Kysjtym» frå , den 26. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1757