Protvino (russisk Протвино́) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 100 km sør for Moskva og 15 km vest for Serpukhov, på venstre breidda av elva Protva.

Historie Bygginga av ein urbanliknande busetnad, rundt eit stort forskingslaboratorium innan høgenergi partikkelfysikk, starta i 1958 og RosAtom sitt Institutt for høgenergifysikk, IHEP (russisk: Институт физики высоких энергий – Institut fiziki vysokikh energij) opna her i 1965. Instituttet er kjend for partikkelakseleratoren U-70, som var den største i verda då han starta opp i 1967 og for annan fysikkrelatert forsking. Protvino fekk bystatus i 1989.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Protvino» frå , den 26. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1960