Torzjok (russisk Торжо́к) er ein by i Tver oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Tvertsa, 60 km vest for Tver.
Historie mini|venstre|Torzjok i 1910. Bilete av Sergej Prokudin-Gorskin. mini|venstre|Byen og klosteret. mini|venstre|Gate i Torzjok.
Torzjok vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1139. Mongolane brende byen i 1238, men dei gjekk ikkje vidare nordover til Novgorod. På den tida kontrollerte byen den einaste ruta for kornleveransar til Novgorod. Om Torzjok blokkerte ruta ville det verte kornmangel og hungersnaud i Novgorod. Torzjok vart derfor kjent som nøkkelen til Novgorod-republikken og skifta ofte hender under føydale krigar.
Byen vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva med resten av Novgorod-republikken i 1478. Den polske armeen plyndra ofte byen under problemtida. Under det russiske keisardømet vart Torzjok kjend som ein viktig poststasjon på hovudvegen frå Moskva til St. Petersburg.
Attraksjonar I Torzjok finn ein fleire kyrkjer bygt på 1600-talet eller tidleg på 1700-talet. Under Katarina den store vart det gamle Boris og Gleb-klosteret ombygd i nyklassisk stil av ein lokal landeigar, fyrst Lvov. Hovudkyrkja i byen er katedralen frå 1374. I tillegg finst det vesle reisepalasset til Katarina II.
Kjende personar frå Torzjok Aleksej von Jawlensky, russisk ekspresjonistisk målar.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Torzjok» frå , den 25. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde på 1100-talet