Vettisfossen er ein verna foss i Noreg som ligg i Årdal kommune i Vestland. Vettisfossen har eit fritt fall på 275 meter og vert ofte feilaktig omtalt som den høgaste fossen i landet. I røynda er han den 57. høgaste fossen i landet ut frå totalt fall. Fossen kan derimot kanskje ha det største vertikale fallet i landet og han er den høgste fossen i Noreg som ikkje er regulert. Han renn frå Vettismorki og ned i Utladalen og ut i Utla. Om vinteren frys fossen stundom heilt til.

Sjå òg Fossar i Noreg

Kjelder Vettisfossen på World Waterfall Database norgeskart.no

Bakgrunnsstoff Bilete av fossen Vettisfossen

Kategori:Fossar i Årdal Kategori:Turistmål i Vestland