NGC 1132 er ein elliptisk galakse som ligg rundt 318 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Floda.

Han inneheld store mengder mørk materie, like store mengder som det ein finn i grupper av galaksar, og kan vera restane etter ei slik ei som smelta saman til éin galakse. I tillegg har NGC 1132 ein sterk røngtenglød frå store mengder av varm gass som ein normalt sett berre finn i galaksegrupper. Ei anna moglegheit er at galaksen vart danna åleine under særskilde tilhøve.

Kjelder

Denne artikkelen baserer seg på pressemelding STScI-2008-07 frå Space Telescope Science Institute.

Kategori:Elliptiske galaksar Kategori:Floda 1132