Eid kyrkje står på Nordfjordeid i Stad kommune i Vestland, og er ei tømra langkyrkje frå 1849.
mini|høyre|Kyrkja i 1931
Historie
Arkitekt for bygget var handelsmannen Claus Wiese frå Eid. Då kyrkja stod ferdig hadde ho sitjeplassar til heile 900 personar, men etter ominnreiingar er det no plass til 750. Kyrkja har takryttar midt over skipet. Innvendig vart kyrkja dekorert med utskjeringar og dekormåling under leing av Lars Kinsarvik i 1915.
Det har vore kyrkje på Nordfjoreid sidan mellomalderen og staden var truleg den fyrste i Nordfjord som fekk kyrkje etter Selja. I mellomalderen hadde Eid-kyrkja status som fjordungskyrkje. Den fyrste kyrkjestaden var på garden Myklebust og ein trur at kyrkja som stod der gjekk med i ein brann. Då kyrkja vart nemnd i kjeldene på 1400-talet stod ho på nabogarden Mel. Dette var ei krosskyrkje som stod til 1689 då ho brann ned. Tre år seinare, i 1691, vart det bygd ei ny krosskyrkje på branntufta. Denne stod til 1849 då ho vart riven for å gje plass til dagens kyrkje.
Eid kyrkje er soknekyrkje i Eid sokn i Nordfjord prosti.
Interiør
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Kjelder
«Eid kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Eid sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
«Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen Eldre fotografi av Eid kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Eid kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Stad Kategori:Lars Kinsarvik Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1849 Kategori:Kulturminne i Stad Kategori:Rosemåla kyrkjer