Heggjabygda kyrkje står i Heggjabygda på nordsida av Hornindalsvatnet i Stad kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1936.
Arkitekt for bygget som ar sitjeplassar til 200, var Anders Karlsen frå Eid. Inventaret er frå byggjeåret eller seinare, og kyrkja er lite endra frå ho stod ny.
Kyrkja var soknekyrkje i Heggjabygda sokn. Soknet høyrde til Hornindal prestegjeld frå ho stod ferdig til området vart overført til Eid prestegjeld og sokn i 1964. Då vart Heggjabygda sokn nedlagt og området er no eit kapellsokn under Eid sokn i Nordfjord prosti. Før kyrkja vart bygd sokna folk i området til Hornindal kyrkje.
Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Eid sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Univerisitetet i Bergen Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Eid kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Stad Kategori:Kyrkjer i Nordfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1936 Kategori:Kulturminne i Stad