Forbøn er bøn til Gud på vegnar av andre enn seg sjølv.

Forbøn i kristendommen

Forbøna inngår som ein fast del av liturgien i den kristne gudstenesta. I Den norske kyrkja er det utarbeidd ei rad ulike bøneformuleringar som omfattar private og offentlege spørsmål , både på lokalt, nasjonalt og globalt nivå. I gudstenesta kan kyrkjelyden òg verte oppmoda om å gå i forbøn for spesielle saker eller einskildmenneske.

I katolsk og ortodoks kristendom lærer ein at ein helgen kan gå i forbøn for dei levande, og at vi kan be helgenar gå i forbøn for oss. Med referanse til Jakobs brev lærer ein at bøna frå eit rettferdig menneske verkar med stor kraft.Jak. 5,16 b Vidare lærer ein at dei heilage i himmelen er betre plassert enn levande menneske til å gjere dette, sidan dei ikkje er opptekne med jordiske syslar.Bønn rettet til helgener - er det kristen lære? på www.katolsk.no

I følgje Bibelen går Jesus i forbøn for menneske som kjem til Gud ved han, Hebr. 7,25 dessutan kan Den heilage ande gå i forbøn for makteslause menneske. Rom. 8,26

Kristne vert òg oppmode om å be for alle andre menneske, 1. Tim. 2,1 og ein kan, som i Hebrearbrevet, be andre om deira forbøn.Hebr. 13,19

Referansar

Kategori:Kristne bøner Kategori:Kristen liturgi