Njagan (russisk Нягань) er ein by nordvest i Khanty-Mansia i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg 40 km vest for elva Ob og rundt 230 km nordvest for Khanty-Mansiysk.
Bynamnet kjem frå elva Njagan-Jugan, ei sideelv til Ob.
Njagan er av dei yngste byane i Vest-Sibir. Han vart grunnlagt i 1965 som eit senter for skogsdrift og heitte opphavleg Njakh (Нях). Namnet vart endra til Njagan 15. august 1985, samstundes med at busetnaden fekk bystatus.
Byen er i dag primært eit senter for petroleum- og naturgassindustrien.
Njagan ligg i eit flatt og myrlendt område og regionen er kjent for brå temperaturfall.
Jernbanen frå Jekaterinburg til Ob-regionen vart opna gjennom Njagan 2. april 1967. Njagan lufthamn, 10 km aust for byen, opna i 1993.
I 2000 vart det opna eit regionalt museum i Njagan.
Kjende personer frå Njagan Maria Sjarapova (f. 1987), tennisstjerne
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Njagan» frå , den 18. januar 2009.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1965