Hjalmar er eit nordisk mannsnamn med opphav i det norrøne Hjálmarr. Namnet er danna av hjalmr, som betyr 'hjelm', og sisteleddet -ar, som kan koma frå dei urnordiske orda *hariaR, 'krigar', eller *wariaR, 'forsvarar'. Hjalmar har namnedag den 16. januar i Noreg og Sverige og den 20. november i Finland.

«Hjallis» er ei kjæleform av namnet. Kvinnelege former kan vera Hjalma og Hjalmara.

Bruk Hjalmar er eit nokså sjeldent namn, men variantane Jari og Jalmari er utbreidde i Finland. I 2008 heitte 45 942 eller 2 % av finske menn Jari og 27 232 eller 1 % Jalmari.

Hjalmar var mykje brukt for norske gutebarn på 1880- og 1890-talet.

Kjende namneberarar Hjalmar Løberg (1830-1906), norsk stortingsmann Hjalmar Falk (1859-1928), norsk språkforskar Hjalmar Branting (1860-1925), svensk statsminister, vinnar av Nobels fredspris Hjalmar Borgstrøm (1864-1925), norsk komponist Hjalmar Johansen (1867-1913), norsk offiser og polfarar Hjalmar Riiser-Larsen (1890-1965), norsk offiser Hjalmar Gullberg (1898-1961), svensk forfattar Hjalmar Johannesen (1907-1959), norsk idrettsmann Hjalmar «Hjallis» Andersen (f. 1923), norsk skeiseløpar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hjalmar» frå , den 16. januar 2009.

Kategori:Mannsnamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Førenamn av urnordisk opphav Kategori:Namn knytte til strid