Jejsk (russisk Ейск) er ein by i Krasnodar kraj i Russland. Han ligg ved Taganrogbukta i Azovhavet, rundt 200 km nordvest for Krasnodar.

Byen vart grunnlagt i 1848. Jejsk er ein ferie- og rekreasjonsstad, kjend for sine mineralvasskjelder og mudder med påståtte medisinske eigenskapar. Det er tre parkar, eit kurbad, rekreasjonssenter og fleire hotell og sandstrender i Jejsk. Badesesongen varer frå mai til september. Byen har mange restaurantar, utekafear, klubbar, barar og diskotek.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jejsk» frå , den 8. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1848