Velikije Luki (russisk Вели́кие Лу́ки) er ein by i Pskov oblast i Russland. Han ligg ved den sterkt meanderande elva Lovat, 220 km søraust for Pskov. Bynamnet kan omsetjast som «Store Meanderar». Byen er den nest største i Pskov oblast med om lag 85 000 innbyggjarar.

Velikije Luki lufthamn ligg 7 km nordaust for byen..

Historie mini|venstre|Modest Musorgskij husmuseum nær Velikije Luki.

Byen Velikije Luki vart først nemnt i ei krønike i 1166. Etter bygginga av ei festning i 1211 vart Velikije Luki ein strategisk viktig by, som forsvarte vegen inn mot Pskov og Novgorod. Han vart innlemma i Storfyrstedømet Moskva av Ivan den store i 1478.

På byrjinga av 1900-talet utvikla byen seg til eit viktig jernbaneknutepunkt etter bygginga av jernbanen Moskva–Riga.

Under den andre verdskrigen, i 1941 og 1942, fann det stad intense kamper i området, mellom tyske og sovjetiske styrkar. Under slaget om Velikije Luki (seint i 1942) vart ein tysk styrke på rundt 7000 omringa i byen, som hadde vorte omgjort til ei festning. Etter månader med tunge kamper vart dei tyske styrkane til slutt utsletta i januar 1943. Som følgje av omleiringa vart byen nesten totalt øydelagd.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Velikije Luki» frå , den 7. januar 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde på 1100-talet