Atsjinsk (russisk А́чинск) er ein by i Krasnojarsk kraj i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre sida av elva Tsjulym nær staden der han vert kryssa av den transsibirske jernbanen, vest for Krasnojarsk. Atsjinsk lufthamn ligg aust for byen.
mini|venstre|Jernbanestasjonen i Atsjinsk på den transsibirske jernbanen.
Byen dekkjer eit areal på .
Historie Byen vart grunnlagt i 1641 som Atsjinskij ostrog ved elva Belyj Ijus. Etter ein brann vart han flytta til Tsjulym-elva i 1683 og 25. juli 1683 vert rekna som den offisielle grunnleggingsdagen for byen. Han fekk bystatus i 1782. Den transsibirske jernbanen nådde byen i 1895 og Atsjinsk vart raskt viktigare for området. Distriktet Atsjinsk vart i 1930 det første målet for stalinistiske bondedeportasjonar i Krasnojarsk-regionen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1683