Beka er eit gammalt egyptisk, assyrisk og hebraisk mål for edle varer, særskild for veging av gull.

Eininga beka er bruka i Det gamle testamentet for ein halv sjekel og tilsvarar om lag 5,7 gram. Det finst likevel ulike utrekningar for dei bibelske måla, og verdiane kan ikkje fastsetjast heilt nøyaktig.Ordforklaring i Bibelen, Det Norske Bibelselskap 1978

Ein egyptisk beka, kjend frå 2500 f.Kr., var ca. 13 gram. Men eininga (om ikkje namnet) er langt eldre. Lodd av kalkstein frå Egypt frå 4000-talet f.Kr. med masse frå ½ til 40 beka er dei eldste kjente døma på vektlodd.

Referansar

Kategori:Måleiningar for masse Kategori:Bibelske måleeiningar