Det andre krosstoget (1147–1149) var det andre store krosstoget som byrja i Europa. Grevskapet Edessa hadde gått tapt i 1144 og i 1145 kom det derfor ønske om eit nytt krosstog.

Edessa var den første av krossfararstatane som vart grunnlagd under det første krosstoget (1095–1099) og var òg den første som fall. Det andre krosstoget vart deklarert av pave Eugenius III og var det første krosstoget som vart leia av europeiske kongar, det vil seie Ludvig VII av Frankrike og Konrad III av Det tysk-romerske riket, med støtte frå fleire andre europeiske adelsfolk. Armeane til dei to kongane marsjerte kvar for seg gjennom Europa og vart til ein viss grad hindra av den austromerske keisaren Manuel I Komnenos. Etter å ha kryssa Austromarriket og gått inn i Anatolia vart begge armeane kvar for seg slått av seldsjukkane. Ludvig, Konrad og restane av armeane deira nådde Jerusalem og i 1148 deltok dei i eit overilt åtak på Damaskus. Krosstoget i aust vart mislykka for krossfararane og ein stor siger for muslimane. Krosstoget enda med at Jerusalem fall og det tredje krosstoget vart sett i gang mot slutten av 1100-talet.

Berre utanfor Middelhavsområdet oppnådde krossfararane noko resultat då flamske, frisiske, normanniske, engelske, skotske og nokre tyske krossfarar på veg til «Det heilage landet» med skip tilfeldigvis stoppa og hjelpte portugisarane i å ta Lisboa frå maurarane i 1147.

Samstundes starta det første av dei nordlege krosstoga i Aust-Europa der ein ønskte å omvende heidenske folkegrupper til kristendomen. Desse krosstoga skulle halde på i fleire hundreår.

Bakgrunn: Edessa går tapt

mini|venstre|Edessa fell, sett her på høgresida av kartet (om lag 1140). Dette var den utløysande årsaka til det andre krosstoget.

Etter det første krosstoget og det mindre krosstoget i 1101 vart det oppretta tre krossfararstatar i aust: kongedømet Jerusalem, fyrstedømet Antiokia og grevskapet Edessa. Ein fjerde stat, grevskapet Tripoli, vart oppretta i 1109. Edessa var det nordlegaste av desse, det svakaste og det minst folkesette, og var derfor mest utsett frå åtak frå dei omliggande muslimske statane styrt av artukidane, danishmendane og seldsjukkane. Grev Balduin II og den framtidige greven Joscelin av Courtenay vart tekne til fange etter dei tapte slaget ved Harran i 1104. Balduin og Joscelin vart begge fanga på ny i 1122, og sjølv om Edessa kom seg noko att etter slaget ved Azaz i 1125, mista Joscelin livet i strid i 1131. Etterfølgjaren hans Joscelin II vart tvinga inn i ein allianse med Austromarriket, men i 1143 døydde både den austromerske keisaren Johan II Comnenus og kongen av Jerusalem, Fulk av Anjou. Joscelin hadde òg krangla med greven av Tripoli og fyrsten av Antiokia, så Edessa stod utan mektige allierte. Samstundes hadde den seldsjukiske Zengi, atabegen av Mosul, lagt under seg Aleppo i 1128. Aleppo var nøkkelen til makta i Syria, og herskarane i Mosul og Damaskus kjempa begge om herredøme her. Både Zengi og kong Balduin II vendte seg mot Damaskus. Balduin vart slått utanfor byen i 1129. Damaskus, som var styrt av Burid-dynastiet, allierte seg seinare med kong Fulk, då Zengi omleira byen i 1139 og 1140. Alliansen vart forhandla fram av krønikeskrivaren Usamah ibn Munqidh.

Seint i 1144 allierte Joscelin II seg med artukidane og marsjerte frå Edessa med nesten heile armeen sin for å støtte artukidiske Kara Aslan mot Aleppo. Zengi, som prøvde å nytte seg av at Fulk døydde i 1143, skunda seg nordover og la omleiring rundt Edessa. Edessa fall etter ein månad den 24. desember 1143. Manasses av Hierges, Filip av Milly og andre vart sende frå Jerusalem for å hjelpe, men kom fram for seint. Joscelin II styrte restane av grevskapet frå Turbessel, men litt etter litt vart resten av området hans erobra eller seld til austromarane. Zengi sjølv vart lovprist av muslimane som «forsvarar av trua» og som al-Malik al-Mansur, «den sigrande kongen». Han gjekk ikkje etter resten av området i grevskapet i Edessa, eller mot fyrstedømet Antiokia, slik ein frykta. Hendingar i Mosul tvinga han heim att og han sette igjen kursen mot Damaskus. Han vart myrda av ein slave i 1146 og etterfølgt i Aleppo av sonen sin Nur ad-Din.Durant (1950) s. 594.

Quantum praedecessores

Meldingane om at Edessa hadde falle kom til Europa med pilegrimane tidleg i 1145, og så med ambassadørar frå Antiokia, Jerusalem og Armenia. Biskop Hugo av Jabala sende meldingane til pave Eugenius III, som svara med å sende ut bullen Quantum praedecessores den 1. desember dette året, der han bad om eit nytt krosstog. Hugo fortalde òg paven om ein kristen konge i aust, som ein håpte ville gje støtte til krossfararstatane. Dette er første gong prestekongen Johannes er nemnd. Eugenius kontrollerte ikkje Roma og heldt i staden til i Viterbo, men krosstoget var likevel meint å vere meir organisert og sentralstyrt enn det første krosstoget. Mellom anna skulle visse predikantar godkjennast av paven, armeane skulle førast av dei mektigaste kongane i Europa, og ein skulle planlegge ei rute på førehand. Den nye krossfararbullen førte i starten til lite respons, og bullen vart send rundt på nytt då det viste seg at Ludvig VII skulle ta del i krosstoget. Ludvig VII av Frankrike hadde på eiga hand tenkt på eit felttog uavhengig av paven, og dette hadde vorte annonsert for julehoffet hans i Bourges i 1145. Det er derimot omstridd om Ludvig planla eit eige krosstoget eller om det var snakk om ei pilegrimsferd, sidan han ønskte å oppfylle den avdøde broren Filip sin lovnad om å vitje Det heilage landet. Abbed Suger og andre adelsmenn støtta ikkje planane til Ludvig sidan ein då kunne risikere at han var borte frå kongedømet sitt i fleire år. Ludvig spurde Bernard av Clairvaux om råd, som viste han vidare til pave Eugenius. Eugenius gav krosstoget til Ludvig entusiastisk støtte. Bullen vart gjeve ut på ny 1. mars 1146 og Eugenius gav Bernard løyve til å kunngjere meldinga i heile Frankrike.

Bernard av Clairvaux mini|venstre|St. Bernard på eit glasmåleri. Øvre Rhinen, om lag ca. 1450. Paven sende Bernard for å kunngjere det andre krosstoget og lovde dei same avlatsbreva for dei som melde seg som pave Urban II hadde gjort under det første krosstoget.Bunson (1998) s.130. Eit parlament vart kalla saman i Vézelay i Bourgogne i 1146 og Bernard talte føre forsamlinga. Ludvig VII av Frankrike, kona hans Eleanor av Aquitaine og fyrstane og lordane som var til stades knelte føre Bernard for å få pilegrimskrossen. Bernard reiste så til Tyskland, der meldingar om mirakel som oppstod overalt der han gjekk utan tvil var medverkande til at mange melde seg til teneste. Konrad III av Tyskland og nevøen Fredrik Barbarossa fekk krossen frå Bernard sjølv.Riley-Smith (1991) s.48 Pave Eugenius kom personleg til Frankrike for å gje støtte til operasjonen.

Til å vere så ivrig var Bernard verken fanatikar eller forfølgjar, men som i det først krosstoget førte preikene til åtak på jødar. Den fanatiske franske munken Rudolf inspirerte visstnok til massakrane på jødane i Rheinland, Köln, Mainz, Worms og Speyer då han hevda at jødane ikkje medverka økonomisk til å redde Det heilage landet. Bernard, erkebiskopen av Köln og erkebiskopen av Mainz var kraftig imot desse åtaka, så Bernard reiste frå Flandern til Tyskland for å ta seg av problemet og roe ned folkemassane. Bernard talte med Rudolf i Mainz, klarte å teie han og få han til vende tilbake til klosteret sitt.Durant (1950) s. 391.

Det vendiske krosstoget

Då det andre krosstoget vart erklært, melde mange sørtyskarar seg til krosstoget i Det heilage landet. Dei nordtyske saksarane var meir motvillige. Dei fortalte Bernard under riksdagen i Frankfurt den 13. mars 1147 at dei ønskte å gå mot slavarane i staden. Eugenius godkjende planen til saksarane og gav ut ein pavebulle kalla Divina dispensatione den 13. april. Bullen kunngjorde at dei forskjellige krosstoga ville gje same andelege løn. Dei som melde seg til krosstoga mot slavarane var hovudsakleg danskar, saksarar, polakkarDavies, s. 362 og nokre innbyggjarar frå Böhmen.Herrmann, s. 326 Pavelegaten Anselm av Havelberg vart sett som øvstkommanderande. Sjølve felttoget vart ført av saksiske familiar som Askania, Wettin og Schauenburg.Herrmann, s. 328

Obotrittarane mislikte dei tyske planane og tok derfor det første steget og invaderte Wagria i juni 1147, noko som førte til at krossfararane la i veg på seinsommaren 1147. Etter å ha drive obotrittarane ut av dei kristne områda, la dei i veg mot festningane ved Dobin og Liutizian ved Demmin. Styrkane som gjekk til åtak på Dobin var mellom anna leia av Knut V og Svein III av Danmark, erkebiskop Adalbert II av Bremen og hertug Henrik Løvehjarta av Sachsen. Då nokre krossfararar ønskte å herje landsbygda, protesterte andre og sa «er det ikkje vårt eige land me då øydelegg, og er ikkje folket me kjempar mot vårt folk?»Christiansen, s. 55 Den saksiske armeen under Henrik Løvehjarta trekte seg tilbake etter at den heidenske hovdingen Niklot gjekk med på å la garnisonen i Dobin døype seg. Etter ei mislukka omleiring av Demmin drog ein del av krossfararane i staden til åtak på Pommern. Dei nådde den alt kristne byen Stettin og krossfararane spreidde seg til alle kantar etter å der ha møtt biskop Albert av Pommern og fyrst Ratibor I av Pommern. I følgje Bernard av Clairvaux var målet med krosstoget å kjempe mot dei heidenske slavarane til dei anten konverterte eller vart utsletta.Christiansen, s. 53 Krosstoget klarte ikkje å vende om vendarane. Saksarane oppnådde stort sett berre symbolske omvendingar i Dobin, sidan slavarane gjekk tilbake til den heidenske trua si så snart dei kristne armeane hadde forsvunne. Albert av Pommern forklarte at om krossfararane ønskte å styrke den kristne trua, så måtte dei gjere det med preike og ikkje våpen.Christiansen, s. 54

Mot slutten av krosstoget vart landsbygda i Mecklenburg og Pommern plyndra og avfolka med mykje vald, særleg av troppane til Henrik Løvehjarta.Barraclough, s. 263 Dette var medverkande til fleire kristne sigrar i området i seinare år.Herrmann, s. 327

Reconquista og omleiringa av Lisboa

mini|Omleiringa av Lisboa av D. Afonso Henriques av Joaquim Rodrigues Braga (1840): eit romantisk syn. Våren 1147 gav paven løyve til å utvide krosstoget til Den iberiske halvøya som eit ledd i Reconquista. Han gav òg Alfonso VII av León løyve til å rekna felttoga sine mot maurarane som ein del av det andre krosstoget. I mai 1147 forlet dei første krossfararane Dartmouth i England med kurs mot Det heilage landet, Dårleg vêr førte skipa deira inn mot den nordlege delen av kysten til Portugal og byen Porto den 16. juni 1147. Her vart dei overtalt til å møte kong Afonso I av Portugal.Runciman (1952) s. 258.

Krossfararane sa seg villige til å hjelpe kongen i eit åtak på Lisboa så lenge dei fekk plyndre byen etterpå og fekk løysepengane for fanga dei forventa å ta. Omleiringa av Lisboa varte fire månader frå 1. juli til 25. oktober 1147 då maurarane gav etter, hovudsakleg på grunn av matmangel i byen. Dei fleste krossfararane slo seg ned i byen, men enkelte sette segl vidare mot Det heilage landet. Enkelte av dei som vart verande att hjelpte tidlegare same år med å ta Santarém, og seinare òg Sintra, Almada, Palmela og Setúbal. Dei fekk lov til å slå seg ned i landområda dei hadde vore med på å erobre.

Nesten samstundes andre stader på Den iberiske halvøya førte Alfonso VII av León, Ramon Berenguer av Barcelona og andre ein blanda arme av katalanske og franske krossfararar mot den rike hamnebyen Almería. Med støtte frå marinen til Genova og Pisa vart byen okkupert i 1147.Riley-Smith (1991) p.48. Ramon Berenger invaderte så taifakongedøma Valencia og Murcia, som høyrde til almoravidane. I desember 1148 erobra han med hjelp frå franske og genuesiske krossfarar Tortosa etter ei fem månader lang omleiring. Året etter fall Fraga, Lleida og Mequinenza ved samløpet til elvane Segre og Ebro til den same armeen.Riley-Smith (1991) s. 126.

Krosstoget i aust