Naustdal kyrkje står i Naustdal sentrum i Sunnfjord kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1891.

mini|venstre|Kyrkja ligg i Naustdal sentrum.

Bygget er teikna av arkitekt Adolf Schirmer og rommer 650 personar, noko som gjer henne til den største kyrkja i Sunnfjord prosti.

Dagens kyrkje erstatta ei steinkyrkje frå kring 1150 som var vorten for lita. Steinkyrkja i Naustdal var mellom dei aller siste mellomalderkyrkjene i Noreg som vart rivne. Korbogen i kleberstein frå gamlekyrkja vart teken vare på og står som port i muren kring kyrkja og kyrkjegarden, medan altartavla frå 1675 og preikestolen frå 1671 er i Bergen Museum.

Preikestolen og døypefonten som er i kyrkja er frå 1891. Altartavla viser trøystaren Kristus og er ein kopi etter Carl Bloch. Ein veit ikkje kven som har måla kopien.

Kyrkja er soknekyrkje i Naustdal sokn i Sunnfjord prosti. __NOTOC__ Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Naustdal kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «Naustdal kyrkje» i NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Naustdal sokn på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Naustdal kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1891 Kategori:Adolf Schirmer Kategori:Kulturminne i Sunnfjord