Miass (russisk Миа́сс) er ein by i Tsjeljabinsk oblast i Russland. Han ligg 96 km frå Tsjeljabinsk, ved elva Miass, på austsida av dei sørlege Uralfjella. Byen har like over 150 000 innbyggjarar.

Miass vart grunnlagt i 1773 som ein busetnad for fabrikk ved ei kopargruve, og fekk bystatus i 1926. Under 1800-talet var utviklinga drive av oppdaginga av dei rikaste gullreservane i Ural. Gjennomsnittleg årleg utvinning av gull frå Miass-regionen var rundt 640 kg. På midten av 1800-talet gjekk gulldrifta tilbake og utviklinga av Miass bremsa dermed òg opp.

I 1941 vart ein bilfabrikk bygt i Miass, som framleis er i drift som lastebilfabrikken UralAZ, som i dag er den viktigaste verksemda Miass. Selskapet UralAZ produserer tre-akslars allhjuldrifts lastebilar med høg framkommelegheit i terreng, og eksporterer 8 % av produksjonen. UralAZ har 105 000 tilsette.

Den eldste delen av byen består av 1800-tals trehus med originale balkongar og dørkarmar. Eit hus som høyrte til gullgruveadministratoren Simonov er òg bevart.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader grunnlagde i 1773