Jan Bojer Vindheim () er ein norsk skribent og politikar. Han var sentral i norsk motkultur på 1960- og 70-talet, m.a. som redaksjonsmedlem av Gateavisa og redaktør av tidsskriftet Vannbærereren.
Vindheim var mellom grunnleggjarane av Arbeidskollektivet i Hjelms gate i Oslo. I åra 1972–78 var han busett i kollektiv på Karlsøy i Troms.
I tidsrommet 1991–2003 og frå 2007 - til no har han vore bystyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne i Trondheim. Han har vore nasjonal talsperson for Dei Grøne i fleire vende.
Utgjevingar: Lyrikk Radio lys (1970) Fiskene forsvinner (1972) Rav vind (1975) Juvéltreet (1978) Fugl Fønix (1995)
Sakprosa Vestens mysterier (1990; ny utgåve 2005) Inn i hampen (2000)
Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske forleggjarar Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:MDG-politikarar i Sør-Trøndelag Kategori:MDG-politikarar i Trøndelag Kategori:Folk frå Sauda