Guddal kyrkje står i Guddal søraust i Fjaler kommune i Vestland, og er ei langkyrkje som plar daterast til 1870, sjølv om delar av kyrkja er frå 1686.

For å oppfylle krava til kor mange kyrkja skulle ha plass til vart gamlekyrkja utvida i både lengda og høgda i 1870. Samstundes fekk heile bygget ny kleding og det vart lagd nytt golv og panel inne, og kyrkja fekk tårn. 25. september 1870 vart kyrkja vigsla på nytt. Til jubileet i 1970 vart kyrkja pussa opp igjen.Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Guddal kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

I mellomalderen stod det ei stavkyrkje i Guddal, denne vart truleg riven på 1600-talet.

Guddal kyrkje høyrer til Fjaler sokn i Sunnfjord prosti. Guddal var tidlegare eit eige kyrkjesokn,Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Univeristet i Bergen men sokna i det tidlegare prestegjeldet er no ihopslegne til eitt sokn.Om Fjaler kyrkjelege fellesråd på nettstaden til Den norske kyrkja

Sjå òg Kyrkjebygga til Den norske kyrkja i Sogn og Fjordane

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Guddal kyrkje på nettstaden til Fjaler kyrkjelege fellesråd Om Fjaler kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Fjaler kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Fjaler Kategori:Kyrkjer i Sunnfjord prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Kulturminne i Fjaler Kategori:1870 i Noreg