mini|Deichmanske bibliotek. Tårnet på Svenska Margaretakyrkan til høgre i biletet. mini|Fasade mot vest.
Deichman bibliotek (Deichmanske bibliotek fram til 2018), med hovudbibliotek i Bjørvika i Oslo, er eit kommunalt folkebibliotek, det største i Noreg. Biblioteket har avdelingar kringom i Oslo.
Soge Biblioteket byggjer på ei testamentarisk gåve frå Carl Deichmann, som levde frå 1705 til 1780. Han testamenterte boksamlinga si på band til byen. Dei første biblioteklokala låg i Rådhusgata, og opna for publikum 12. januar 1785.Oslo byleksikon, side 136
I 1898 moderniserte Haakon Nyhuus biblioteket etter eit opphald i USA.
Det tidlegare hovudbiblioteket på Hammersborg opna i 1933. Arkitekt for bygget var Nils Reiersen.
Fritt biblioteksystem Deichman bibliotek har sia 2014 nytta det frie biblioteksystemet Koha med utvidinga Library Extended (LS.ext). Denne utvidinga er utvikla av og for Deichman bibliotek, og har vore nytta i produksjon sia oktober 2016.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, ISBN 978-82-573-1760-7
Kategori:Bibliotek i Noreg Kategori:Byggverk i Oslo Kategori:Skipingar i 1785 Kategori:Kulturminne i Oslo