Romanispråk er ei grein av dei indoiransk språka med fleire undergrupper, som blir snakka av sigøynarar (roma og sinti).

Utbreiing

Ein reknar med at romanispråka vert snakka av om lag 40 millionar menneske. I Europa lever det 10–12 millionar sigøynarar, eller roma, og nesten alle desse kan forstå kvarandre trass i dialektskilnader. Den interne strukturen til romanispråkfamilien er uoversiktleg, det same er kriteria for inndeling i språk og dialekt. Fleire av dei språka som blir snakka i Norden har sine næraste slektspråk i familien i andre delar av EuropaFor eit oversyn over situasjonen i Sverige, sjå Bijovet og Fraurud 2007.

Grovt sett har dei romanitalande komme til Norden i tre bølgjerFramstillinga her byggjer på Bijovet og Fraurud. Først kom det romanitalande på 1500-talet, som delte seg språkleg i norsk romani, svensk romani og kaalo, eller kalo finsk romani. Det bur 10 000 roma i FinlandJf. Granqvist 2011., som høyrer til kaale-gruppa. Dei var skild frå roma i Sverige i perioden 1809 fram til 1954 (innføringa av den nordiske passunionen). På slutten av 1800-talet og tiåra framover kom det roma som snakka valakiske romanispråk, kalderasj, lovari og tjurari til Skandinavia. På 1960- og 70-talet kom det roma frå Frankrike, Spania, Polen, Russland, Bulgaria og Jugoslavia, blant anna kalderasj, lovari, arli og romungri. Også krigane på Balkan på 1990-talet førte med seg immigrasjon av roma frå det tidlegare Jugoslavia, m.a. arli, bugurdji og gurbeti. Språk med talarar som har kome i fleire omgangar har vorte styrka med innflytting av nye talarar.

Offentleg status

I Noreg er både romanés og romani rakripa (norsk romani) sannkjent som historisk minoritetsspråk med same status som kvensk og dei samiske språka.Sjå FAD om nasjonale minoritetsspråk i Noreg. Sverige har sannkjent svensk romani, finsk romani (kaale), kalderasj, lovari, arli og romungri. Finland har sannkjent finsk romani.

Språkfamilien thumb|upright=1.32|Romanispråkrområdet i Europa

Romanispråka er ein del av den vestlege greina av indoariske språk, i lag med fire andre språkgreiner (domari, khandeshi, gujarati og rajasthani). Romanispråka er sjølv delt inn i fire greiner, balkanromani, sentralromani, nordleg romani, og valakisk romani. Oversynet her byggjer dels på Glottolog, dels på Bijvoet og Fraurud.

Balkanromani Abruzzesisk-Calabrsk-Moliseansk romani Arli (Arli-Dolenjski) (også i Sverige) Krim-romani bugurdji, kovatsjki (Drindari–Kalajdži–bugurdji) Sofia-erli Prilep-Prizren-Serres Pyrgos-Peloponneseromani Romacilikanes Romano Rumelsk romani Sepečides Serres-Sechidouromani Ursári Zargari Valakisk romani Nordleg valakisk Cerhari Churari Egyptisk ghagar Kalderasj (også i Sverige) Lovari Machvano Søraustleg ukrainsk valakisk Sørleg vlax Gurbet-dzambazi Kalpazea-filipidzía-xandurja Valakia-muntenia-Nordaustlege Bulgaria Sentralromani Gurvari Nordleg sentralromani Böhmisk romani Austslovakisk romani Galisisk romani Moravisk romani Vestlovakisk romani Sørleg sentralromani Romungro Vend Nordleg romani Baltisk romani Chuxny Austleg Latvia-Lithuansk romani Nordleg Russsk romani Polsk romani Kviteusssk romani Caló Brasiliansk calão Katalansk calo Galisisk calo Portugisisk calão Spansk caló Nordvestleg romani Kalo finsk romani (Finland, Sverige) Sinteromani Gadschkene Lallere Manouche Sastike Sørleg sinti Andre romanispråk Skandinavsk romani (Romani rakripa) Svensk romani (tavringerromani) (Sverige) Norsk romani (Noreg) Arkaisk Angloromani Valisisk romani

Av desse språka er norsk romani (romani rakripa) snakka i Noreg, og svensk romani i Sverige. Det svenske Språkrådet distribuerer i tillegg materiale på arli, kalderaš, kale, lovara.

Ordtilfang

Ordtilfanget i dei ulike romanispråka ber sterkt preg av historia til sigøynarane (romfolket). Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Panjab i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i panjabi og hindi — slik som tala frå éin til fem. Andre vesentlege kjelder er armensk, gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Det finst òg enkelte hebraiske og finske ord i romanés.

Sjå òg Romani rakripa

Kjelder

Bijovet og Fraurud, Kari 2007: Det romska språket och romsk språkvård i Sverige 2007 Granqvist, Kimmo 2011: Lyhyt Suomen romanikielen kielioppi ("Ein kort grammatikk for finsk romani"), Kotimaisten kielten tutkimuskeskus, 2011 Verkkojulkaisu ISBN 978-952-5446-69-2

Bakgrunnsstoff

European Committee on Romani Emancipation Delegation för romska ärenden – ved det finske Social- och Hälsovårdsministeriet

Kategori:Indoariske språk Kategori:Sigøynarar Kategori:Einskildspråk