Tysnes-meteoritten (offisielt namn: Tysnes Island Om meteoritten på heimesida til The Meteoritical Society) er ein steinmeteoritt som fall ned over Midtvåge på Tysnesøy i Tysnes kommune den 20. mai 1884. Mange skal ha sett meteoritten komma som ei stor eldkule og skal ha høyrt ein eksplosjon. Det skal ha falle fleire steinar ned etter eksplosjonen, men av dei som fall ned over Midtvåge, var det berre småstein med unnatak av ein bit på nesten 19 kg. Denne steinen skal ha bora seg 30 cm gjennom jordlaget, til den trefte stein og spratt opp att og landa 13 meter lengre vekk.

Steinen skal vera samansett av mineral som olivin, broncit og metalliske korn av jern og magnetkis og er den nest største meteoritten som har blitt funnen i Noreg etter ein meteoritt i Finnmark som vog vel 77 kg.«Norske meteoritter» - Ei fullstendig lista over meteorittar som har falle i Noreg på heimesidene til Naturhistorisk museum i Oslo.

Kjelder

Kategori:Norske meteorittar