Spettefuglar, Piciformes, er ein biologisk orden av små til mellomstore fuglar som hovudsakleg har leveområde i skog. Den mest kjente av desse er spettefamilien som inkluderer hakkespettar og nære slektningar. Piciformes inneheld nærare 360 artar i om lag 50 slekter i sju familiar, kor spettefamilien samlar over halvparten av artane.

I hovudregelen er Piciformes insektetarar, med unnatak for skjeggfuglar og tukanar som et frukt for det meste, og voksetarar som er heilt unike blant fuglar fordi dei er i stand til å fordøye bivoks, sjølv om hovuddietten også hos voksetarar er insekt. Nesten alle Piciformes har papegøyeliknande zygotisk fot - to tær framover og to bakover, ei ordning som gjev openberre føremonar for fuglar som nyttar mykje tid på trestammar. Eit unnatak er nokre få artar av tretåa hakkespettar. Fuglane i Piciformes har ikkje dun nokon gong, berre ekte fjør. Dei varierer i storleik frå malaypikulett på 8 centimeter i lengd, og vekt på 7 gram, til gulnebbtukan på 61 cm og 500 gram. Alle hekkar i holrom og får ungar som er lite utvikla ved klekking.

Systematikk Jakamarar og dovenfuglar er sett inn i sin eigen distinkte orden Galbuliformes, men mange handsamar dei to familiane som ein underorden av Piciformes, og likestilla med underordenen Pica som samlar skjeggfuglar, tukanar, voksetarar og spettefamilien. Tidlegare var det dessutan semje om å handsame alle skjeggfuglar som ein familie. Men dette viste seg å vere parafyletisk med omsyn til tukanane. Derfor har autoritetar i systematikk skilt ut dei asiatiske skjeggfuglane til ein ny familie Megalaimidae og dei afrikanske til Lybiidae.

Familiar av spettefuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 Afrikaskjeggfuglfamilien, Lybiidae Asiaskjeggfuglfamilien, Megalaimidae Amerikaskjeggfuglfamilien, Capitonidae Tukanskjeggfuglfamilien, Semnornithidae Tukanar, Ramphastidae Voksetarar, Indicatoridae Spettar, Picidae

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piciformes» frå , den 17. desember 2008.

Referansar

Kategori:Fuglar etter klassifisering