Väinö Valtteri Linna () var ein finsk forfattar fødd i Urjala.

Väinö Linna er fremst kjend for romanen En ukjent soldat,Sirpa Kähkönen. «Krigslitteratur: Krigens påvirkning går så langt. Derfor må vi fortsette å skrive om den. Hemmelige minner». 2018-04-28. Klassekampen. S. 7 som kom ut som Tuntematon Sotilas i 1954. Romanen skildrar finske framhaldskrigen (frå 1941 til 1944) frå synsvinkelen til ei gruppe frontsoldatar.

1959–62 gav Linna ut sitt andre storverk, ein trilogi innehaldande titlane Högt bland Saarijärvis moar, Upp trälar og Söner av ett folk. Denne serien skildrar småbrukarane sitt liv i Finland frå slutten på 1800-talet til midten på 1900-talet gjennom slekta Koskelas lagnad. For dette vart Linna tildelt Nordisk råds litteraturpris i 1963.

Det er vanskeleg å overvurdere verknadene av Ukjent soldat og Saarijärvi-triologien på det finske etterkrigssamfunnet. Etter borgarkrigen var det finske folket eit splitta folk, og vinterkrigen påverka det finske samfunnet i tiåra etterpå. Linna klarte som ingen annan å setje ord på opplevingane det finske folket hadde gått gjennom, kanskje særleg for dei som elles ikkje kom til orde i det finske samfunnet.

Prisar og utmerkingar 1949 – Kalevi Jäntti-prisen 1960 – Aleksis Kivi-prisen

Bibliogafi

Päämäärä, 1947 ('Mål') Musta rakkaus, 1948 ('Svart kjærleik') Messias, 1949-53, ikkje utgjeve Tuntematon sotilas, 1954. Omsett til norsk som Ukjent soldat (1956) Täällä Pohjantähden alla, 1-3, 1959-1962 ('Høgt under Nordstjerna'). Omsett til norsk som Høyt mot nord, Opprør og Sønner av et folk (1960-63). Oheisia, 1967 Murroksia, 1990 ('Brytningar') Kootut teokset I-VI, 2000 ('Samla verk') Sotaromaani, 2000 ('Krigsroman')

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Verk av Väinö Linna ved nb.no

Engelsk biografiside

Kategori:Finske forfattarar Kategori:Vinnarar av Nordisk råds litteraturpris