Jens Weissflog () er ein tysk skihoppar, og ein av tidenes mestvinnande hopparar. Det er berre finnane Matti Nykänen og Janne Ahonen, samt polakken Adam Małysz som kan visa til fleire sigrar i verdscupen.

Allereie som 19-åring vann Weissflog den tysk-austerrikske hoppveka 1983/84 for DDR. Same vinter vann han OL-gull i normalbakken i Sarajevo, og han vann verdscupen samanlagt. Dei følgjande åra dominerte Weissflog, saman med Nykänen, internasjonal hoppsport. Han vann VM-gull i 1985 og 1989, og gjentok hoppvekesigeren i 1985, 1991 og 1996. I 1991 blei han tildelt Holmenkollmedaljen saman med Vegard Ulvang, Ernst Vettori og Trond Einar Elden.

Weissflog greidde å halda seg på internasjonalt toppnivå i heile tolv år. Verken overgangen frå DDR til forbundsrepublikken Tyskland i 1989/1990, eller overgangen til V-stil i 1993 påverka Weissflogs resultat negativt. I 1994 vann han, 10 år etter sin første olympiske siger, to gullmedaljar under OL på Lillehammer, i storbakken og i lagkonkurransen. I 1996 la Weissflog opp som konkurransehopper, etter å ha tatt sin fjerde siger i den tysk-austerrikske hoppveka, ei bragd han var åleine om inntil finske Janne Ahonen vann sin fjerde seier i 2005/2006.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jens Weissflog» frå , den 13. desember 2008.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Tyske skihopparar Kategori:Austtyske idrettsutøvarar Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Verdsmeistrar i skihopping Kategori:Olympiske meistrar for Aust-Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1984 Kategori:Austtyske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1988 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1994