Tor Ulven () var ein norsk diktar og forfattar fødd på Årvoll i Oslo. Han blir sett på som ein av dei viktigaste påverkarane i norsk litteratur på 1980- og 1990-talet.

Ulven debuterte som diktar 19 år gammal, i undergrunnstidsskriftet Dikt & Datt. Mellom 1977 og 1989 gav han ut fem diktsamlingar. Han gjekk deretter over til å skriva prosa, korte stykke og essay, der han gjennom detaljerte skildringar mellom anna tok for seg eksistensielle spørsmål. Som forfattar var han mellom anna inspirert av den franske nyromanen og surrealismen.

Som person var Ulven svært tilbaketrekt. Han gav eit einaste intervju, til tidsskriftet Vagant i 1993, og sende takketalen sin for Obstfelderprisen med ein annan.

Diktaren tok livet sitt i 1995. Tekstane hans er blitt omsette til dansk, svensk, tysk, engelsk, estisk, russisk, tsjuvasjisk og arabisk.

Bibliografi Prosa i samling – 2001 Samlede dikt – 2000 Essays – 1997 Etterlatte dikt (lyrikk) – 1996 Stein og speil (kortprosa) – 1995 Vente og ikke se (historier) – 1994 Avløsning (roman) – 1993 Fortæring (prosastykker) – 1991 Søppelsolen (memorabilia) – 1989 Nei, ikke det (historier) – 1990 Gravgaver (lyrikk) – 1988 Det tålmodige (lyrikk) – 1987 Forsvinningspunkt (lyrikk) – 1981 Etter oss, tegn (lyrikk) – 1980 Skyggen av urfuglen (lyrikk) – 1977

Utmerkingar 1987: Gyldendals legat 1990: Hartvig Kirans minnepris 1993: Obstfelderprisen 1995: Doblougprisen

Bakgrunnsstoff «Ulvens blues» av Sissel Fantoft Nekrolog av Tore Renberg på nrk.no «Du er ikke - om Tor Ulvens kortprosa» av Marius Wulfsberg i Bøygen Artikkel om TU på Gyldendal

Ulven, Tor Ulven, Tor Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat