Oddbjørg er eit kvinnenamn, av norrønt Oddbjǫrg, av Oddr 'odd' og bjǫrg, 'berging, vern'. Ei sideform av namnet er Oddborg.

Oddbjørg har i Noreg namnedag 16. desember.

Bruken av namnet i Noreg Namnet Oddbjørg har aldri vore mykje utbreidd i Noreg, men det hadde eit oppsving i første halvdelen av 1900-talet..

I folketeljinga frå 1801 var det 23 som hadde namnet i formene aadbiør, odbiør, odbiørg, odbør, udbiør, udbiørg, ødbiørg I 1900 var vel 50 personar som var listeførte med namneformene aadbjørg, aadbør, odbjør, odbjørg, oddbjørg, udbjør, udbjørg I 2008 har nær 1940 personar Od(d)bjørg til første fornamn

Kjende namneberarar Oddbjørg Ausdal Starrfelt, norsk politikar

Sjå òg

Folketeljingar i Digitalarkivet

Kjelder Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav