Albert Joleik () var ein norsk bladmann, målmann og lokalhistorikar. Han vart fødd som Albert Sigvard Andersen den 14. mars 1880 i Flora i Sunnfjord i noverande Sogn og Fjordane fylke. I 1905 fekk han namnet Albert Joleik offentleg godkjend.
Joleik tok universitetseksamen i geografi, naturfag, norsk og tysk. Han fullførte examen artium 16 år og 3 måndar gamal i 1896, som den yngste nokonsinne. I 1901 var han den fyrste studenten til å levera embetseksamen på landsmål (nynorsk).
Joleik var bladmann (journalist), lokalhistorikar og målmann. Han budde i Bergen og på Kleppstølen i Naustdal kommune, der han hadde gard. Mellom 1905 og 1908 var han offiser i Belgisk Kongo.
Frå 1921 vart Joleik statsstipendiat. I tida før den andre verdskrigen var han redaktør for ymse aviser. Her kan nemnast Spegjelen i Trondheim, Gula Tidend og sitt eige blad Fjordaposten i Bergen fram til 9. april 1940.
Joleik skreiv ei rik framstilling av historia til bygdene i Sunnfjord. Mellom anna Soga um Jølst fram til 1801 og litevetta um Breim (1967) om Jølster og Sunnfjordsoga fram til 1801 (1959). Joleik var ein kjend radiokåsør og festtalar.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder Om Albert Joleik i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane Gravminner i Norge
Bakgrunnsstoff
Hovudoppgåve av Norhild Joleik: Identitet, nasjon, profesjon : Albert Joleik si redaktørrolle i eit motkulturelt og profesjonssosiologisk perspektiv Utdjupande artikkel om Joleik skriven av Kåre Lilleholt på snl.no. Om Albert Joleik i Lokalhistoriska artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske historikarar Kategori:Folk frå Flora Kategori:Statsstipendiatar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Forfattarar frå Naustdal Kategori:Forfattarar frå Flora Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Målfolk