St. Olafs Church, på norsk kalla St. Olafs kyrkje og Engelskkyrkja, er ei kyrkje i stavkyrkjestil frå 1897 i Balestrand i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane.

Kyrkja høyrer til Church of England og det vert halde gudstenester etter anglikansk liturgi i henne kvar sundag mellom slutten av mai og byrjinga av september. Kyrkja ligg under The Archdeaconry of Germany and Northern Europe som høyrer til Diocese in Europe og ligg under biskopen i Gibraltar. Ho vert drifta av laget Vener av St. Olafs kyrkje.

Soknerådet til Den norske kyrkja i Balestrand administrerar bruk av kyrkja til vigslar. Det vert også halde nokre gudstenester for Den norske kyrkja her i løpet av året.«Kyrkjebygg i Balestrand» på nettstaden til Balestrand sokneråd

mini|venstre|Utsyn mot Balestrand og kyrkja. Arkitekt for kyrkja var Jens Zetlitz Kielland og ho vart innvigd 18. juli 1897.

Kjelder Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «St. Olafs kyrkje - Engelskkyrkja» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane «St. Olafs kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon «Diocese In Europe» på nettstaden europe.anglican.org

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Eldre fotografi av St. Olafs kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket

Kategori:Kyrkjer i Sogndal Kategori:Church of England-kyrkjer i utlandet Kategori:Anglikanske kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer ferdigstilt i 1897 Kategori:1897 i Noreg