Øyestad er ein tidlegare kommune i Aust-Agder. Kommunen vart oppretta som Øyestad formannskapsdistrikt i 1837 og bestod då av prestegjelda Fjære, Froland og Hisøy i tillegg til Øyestad.
Fjære vart skilt ut som eigen kommune i 1846. I 1850 vart òg Froland skilt ut og Øyestad og Hisøy utgjorde Øyestad formannskapsdistrikt. Området hadde på dette tidspunktet 5215 innbyggjarar.
1. januar 1881 vart så Øyestad og Hisøy delt slik at begge vart sjølvstendige kommunar. Øyestad hadde da 4474 innbyggjarar og Hisøy 2652. 1. januar 1962 vart eigedommen Salvestjønn skilt ut frå Øyestad og ein del av Landvik kommune. 1. januar 1992 vart Øyestad, som då hadde 8679 innbyggjarar, innlemma i Arendal bykommune saman med Hisøy, Moland og Tromøy.
Sjå òg Øyestad IF
Kategori:Tidlegare kommunar i Aust-Agder Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1992 Kategori:Historie i Arendal Kategori:Geografi i Arendal