Springaren Folkedalen er rekna som ein opphavleg vestlandsspringar. Namnet skriv seg frå soelemannen Ole Sekse, som budde på garden Folkedal i Hardanger. Slåtten vart henta til Telemark av Myllarguten, som råka på Ole Sekse og lærte slåtten av han. I Telemark er slåtten og kjend under namna Sauaren, Veneflamma eller Guro Lomodden. Tradisjonslina for slåtten i Telemark ser ut til å ha følgt Halvor Sagafossen og Lars Fykerud.
Kvedaren Aslak Brekke hadde det mest kjende stevet til Folkedalen:
Hu, som det romlar seg i meg, det tomlar seg i meg det somlar seg i meg. Eg æ visst full av kattungar eg av bikkjungar eg.
Variantgruppa
Hardingfeleverket har katalogisert slåtten med variantar under nr 498 (band VI).
a: Folkedalen, etter Anders S. Kjerland, Granvin . Nedskrift Sven Nyhus 1976. Kjerland lærte slåtten av Halldor Meland. Eivind Groven skreiv ned slåtten etter Halldor.
b: Folkedalen, etter Mattis M. Kleppen, Sauland, Hjartdal . Nedskrift Eivind Groven 1922(G 691).
c: Veneflamma, etter Olav Løndal, Tuddal . Nedskrift Eivind Groven etter opptak i NRK (G 1462, NRK magn. 1968). Farmor til Løndal fekk slåtten frå ein dei kalla Blinde-Torgeir i Tinn Austbygd.
d: Sauaren, etter Johannes Dale, Tinn . Nedskrift Eivind Groven etter opptak i NRK (G 1238, NRK magn. 2807). Dale hadde slåtten frå bestefaren Knut Dale. Slåtten har namn etter Leiv Sauar, ein spelemann som levde samstundes med Halvor Sagafossen i Heddal.
e: Guro Lomodden, etter Gunnulf Borgen, Bø i Telemark . Nedskrift Arne Bjørndal 1947 (B 2172). Borgen hadde slåtten frå Lars Fykerud. Guro Lomodden var frå Seljord og drivande god til å danse. Det finst og ein variant av Gamle Gulbrand med namn etter henne.
f: Folkedalen, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark . Nedskrift Eivind Groven 1939 (G 5, NRK magn. 2570). Slåtten slenger inn på Ondelåna. Steingrim Haukjem, Einar Løndal og Knut Vågen hadde og nærskylde variantar av denne forma.
Kategori:Norske slåttar