mini|Fana til Norges Bondelag mini|Bønder protesterer mot landbrukspolitikken til Solberg-regjeringa; framfor Stortinget 20. mai 2014 Norges Bondelag er den største interesseorganisasjonen for bønder i Noreg. Bondelaget har som mål å «samle alle som er, eller kjenner seg knyttet til bondeyrket, fremme felles saker, trygge landbruket og ivareta bygdenes økonomiske, sosiale og kulturelle interesser.» Bondelaget forhandlar direkte med Staten om inntektsgrunnlaget til bønder, men Norges Bondelag tek ikkje imot statsstøtte. Organisasjonen er økonomisk og politisk uavhengig.
Laget vart oppretta i 1896 med tittelen Norsk Landmandsforbund, og førte på mange vis vidare tradisjonane frå den første veljarsameininga i landet, Bondevenane. Den gongen var føremålet å arbeide til beste for landbruksnæringa og prøve å påverke politiske avgjerder, ein tradisjon som er vidareført i det føremålet som ligg framme i dag.
I 1922 endra rørsla namn til Norges Bondelag, berre to år etter at landsmøtet hadde vedteke å opprette Bondepartiet (no: Senterpartiet), som skulle arbeide aktivt for bønder sine generelle interesser på Stortinget. Senterpartiet er i dag ikkje tilknytt Bondelaget.
Norges Bondelag har 61 000 medlemmer, delt på 607 lokallag og 18 fylkeslag.
Formenn/leiarar 1896–1901 Johan Theodor Landmark 1901–1905 Johan E. Mellbye 1905–1906 Gunnar Knudsen 1906–1909 Kleist Gedde 1909–1941 Johan E. Mellbye 1945–1951 Arne Rostad 1951–1955 Ole Rømer Sandberg 1955–1966 Hallvard Eika 1966–1969 Johan A. Vikan 1969–1974 Jan E. Mellbye 1974–1980 Hans Haga 1980–1987 Nils Valla 1987–1991 Kåre Syrstad 1991–1997 Bjørn Iversen 1997–2002 Kirsten Indgjerd Værdal 2002–2008 Bjarne Undheim 2008–2009 Pål Haugstad 2009–2014 Nils T. Bjørke 2014–2021 Lars Petter BartnesBartnes valgt som leder i Bondelaget . t-a.no (5. juni 2014) 2021– Bjørn GimmingBjørn Gimming er den nye bondelagslederen. Norges Bondelag. Besøkt 11. september 2021.
Sjå òg Norsk Landmandsforbund Norges bonde- og småbrukarlag Senterpartiet - Historie Norges Bygdekvinnelag
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Landbruksorganisasjonar Kategori:Norsk landbruk Kategori:Norske næringslivsorganisasjonar Kategori:Skipingar i 1922