Svir (russisk Свирь, finsk Syväri, estisk Sviri) er ei elv i Leningrad oblast i Russland. Elva er 224 km lang og har eit nedslagsfelt på . Svir renn frå Onega og vestover til Ladoga, og renn dermed mellom dei to største innsjøane i Europa. Elva har ei middelvassføring på 785 m³/s og er den største elva som munnar ut i Ladoga.

Heilt sidan Peter den store knytte saman elvane Svir og Neva med Ladogakanalen har elva vore ein del av Volga-Austersjøkanalen og forløparane til denne. Det er to vasskraftverk langs Svir.

Elva passerer Aleksandr-Svirskij-klosteret, som pleide å hyse Svirlag, ein av dei mest frykta gulagane. Områda rundt elva var åstad for kraftige kampar under den finske framhaldskrigen frå 1941 til 1944.

Største sideelvar Vazjinka Ojat Pasja

Byar langs Svir Podporozje () Lodejnoje Pole ()

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Лаба» frå , den 29. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Leningrad oblast