Galitsjsjøen er ein innsjø i Kostroma oblast i Russland. Han har eit areal på 75,4 km².

Innsjøen, som ligg 100 moh, har ei oval form, med den lengste sida aust-vest. Han er 17 km lang og 6,4 km brei, med eit djup på 5 meter. Breiddene er flate og myrlendte, og botn er hovudsakleg silt og mudder. Han har avløp via elva Vjoksa. Innsjøen er islagt frå oktober til april. Galitsjsjøen er særs rik på fisk.

På sørsida ligg den gamle byen Galitsj, som innsjøen er kalla opp etter.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Galitsjsjøen» frå , den 28. oktober 2008.

Bakgrunnsstoff Fotogalleri frå Galitsjsjøen (russisk) N.V.Sotnikov: Historia om fiske og fiskebusetnader ved Galitsj frå slutten av 1700-talet til midten av 1900-talet (russisk)

Kategori:Innsjøar i Russland Kategori:Kostroma oblast