Medveditsa (russisk Медведица) er ei elv i Volgograd oblast i Russland og ei av sideelvane til Don frå venstre.Медведица (река в Саратовской и Волгоградской обл.), Store sovjetiske leksikon Elva er 745 km lang med eit nedslagsfelt på . Middelvassføringa hennar er 69 m³/s.
Namnet Medveditsa tyder binne, og i følgje soga kjem det av den store mengda bjørn som tidlegare var i området.
Elva sprint ut frå Volgahøgdene i dei nordaustlege delane av Saratov oblast, og renn hovudsakleg sørvestover og inn i Volgograd oblast, der ho munnar ut i Don.
Dei største sideelvane hennar er Balanda og Tersa frå høgre, og Idolga, Karamysj og Artsjeda frå venstre.
Dei største byane ved elva er Petrovsk, Atkarsk, Zjirnovsk og Mikhajlovka. Elva er framkommeleg for skipsfart opp til Atkarsk.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Медведица (приток Дона)» frå , den 23. oktober 2008.
Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Volgograd oblast Kategori:Elvar i Saratov oblast