Sakmara (russisk Сакмара; basjkirsk Һаҡмар, Haqmar) er ei elv i Basjkortostan og Orenburg oblast i Russland og ei av sideelvane til Uralelva.

Elva er 760 km lang og har eit nedslagsfelt på .

Elva har kjelda si lengst sør i Uralfjella i Basjkortosan, sørvest for Magnitogorsk. Ho renn først sørover og vender vestover ved byen Kuvandyk, parallelt til Uralelva. Ved byen Orenburg munnar Sakmara ut i Ural. Andre stader langs elva er Tsjorny Otrog, Sakmara, Nikoskij og Tatarisk Karagala.

Somme stader vert elva opp mot 80 meter brei og har eit djup opp til fem meter.

Av sideelvar til Sakmara finn ein Krepostnoj Zilair, Zilir, Bolsjoj Ik, Katrala og Jelsjanka.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Сакмара» frå , den 19. oktober 2008.

Kategori:Elvar i Russland Kategori:Elvar i Basjkortostan Kategori:Elvar i Orenburg oblast