Fosnavåg er administrasjonssenteret i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Det som tradisjonelt har blitt rekna som Fosnavåg ligg mellom Ytre Herøy kyrkje og Igesund, medan ein i folkemengda for byen Fosnavåg reknar med heile Bergsøya. Det er vanleg å rekne grunnkrinsane Fosnavåg sentrum, Øvre Fosnavåg og Nørvåg som delar av Fosnavåg, deriblant halve Huldal, Kleiva og Vågsholm.

Etymologi Stadsnamnet kjem frå det gamle norrøne namnet på Bergsøya Fólgsn, tydar "gøymestad", med rot i norrøne fela (gøyme eller skjule), og sannsynlegvis siktar dette til den gode plasseringa av hamna på staden.

Hamna mini|venstre|Fosnavåg ytre hamn Fosnavåg er ei naturleg hamn, den største i Noreg, og har difor vore ein naturleg samlingsstad for båtar som har operert i nærleiken.

Bystatus og hamnestatus mini|venstre|Herøy rådhus i Fosnavåg mini|Piren ved Holmsild brygge Kommunestyret i Herøy vedtok 7. juni 2002 at Fosnavåg er ein by, noko som igjen bana veg for at Fosnavåg kunne få hamnestatus. Større skip som tidlegare måtte registrerast i Ålesund, kan no ha «Fosnavåg» i hekken. Det nye kystvaktskipet KV «Harstad», døypt 28. januar 2005, er blant dei fyrste med denne stadstilknytinga. «Bystatusen» førte også til ei større satsing frå handelsstanden og fleire butikkar har i dei seinare åra etterpå vorte samla under same tak.

Tettstad Tettstaden Fosnavåg hadde

Næringsliv Reiarlag som Havila Shipping ASA, Olympic Shipping AS, Rem Offshore, Solstad Offshore, Bourbon Offshore Norway AS, Remøy Shipping AS og Remøy Management AS har kontor i Fosnavåg. Desse reiarlaga utgjer ein stor del av den maritime klyngen på Sunnmøre.

Fosnavåg vart i desember 2008 og 2010 kåra til Norges Næringsby av tidsskrifta Kapital og konsulentselskapet Dun & Bradstreet.

Fosnavåg som slektsnamn Fosnavåg er eitt av dei sjeldnaste slektsnamna i Noreg, då det per mars 2005 berre var 6 personar som hadde det.

Sjå òg Tettstader i Møre og Romsdal

Kjelder

Kategori:Grunnkrinsar i Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Byar i Møre og Romsdal Kategori:Geografi i Herøy i Møre og Romsdal Kategori:Norske slektsnamn Kategori:Tettstader i Møre og Romsdal Kategori:Kommunesenter i Møre og Romsdal