Samisk høgskole (SH, nordsamisk Sámi allaskuvla) vart skipa i 1989 og har i dag vel omkring 260 studentar og i overkant av 100 tilsette. Høgskolen er ein av dei statlege høgskolane i Noreg. I 2005 vart Nordisk Samisk Institutt samorganisert med Samisk høgskole, og dei vart samlokaliserte i juli 2009 då det samiske vitskapsbygget, Diehtosiida, stod ferdig.
Samisk høgskole vart etablert for å gje ein større del av den samiske ungdommen høgare utdanning. Samisk høgskole er ein høgare utdannings- og forskingsinstitusjon som skal dekke det samiske samfunnet sine behov. Skolen sitt hovudspråk er samisk både i undervisinga, administrasjonen og mellom dei tilsette og studentane. Samisk utdanning og forsking dannar høgskolens særeigne faglege profil og høgskolen har eit nordisk-samisk og internasjonalt perspektiv med m.a. studentar frå alle land i Sápmi: Noreg, Finland, Sverige og Russland.
Samisk høgskole har til saman ca. 40 studietilbod, men høgskolen gir ikkje alle tilboda samstundes. Kvart år gir ein 17-20 ulike studietilbod, fordelt på ulike program:
Bachelorprogram duodji og design reindriftsstudium samisk språk og litteratur urfolksjournalistikk samisk barnehagelærarutdanning Mastergradsprogram duodji samisk grunnskolelærarutdanning trinn 1.-7. (5-årig) samisk grunnskolelærarutdanning trinn 5.-10. (5-årig) samisk språk og litteratur samisk journalistikk med urfolksperspektiv Doktorgradsprogram samisk språk og litteratur
Studentsamskipnaden i Indre Finnmark er studentane sin organisasjon.
Rektorar 1989-1996 Jan Henry Keskitalo 1996-2000 Asta Balto 2000-2003 Kjell Kemi 2003-2007 Mai Britt Utsi 2007-2011 Steinar Pedersen 2011-2015 Jelena Porsanger 2015-2019 Gunvor Guttorm 2019-2023 Láilá Susanne Vars 2023- Liv Inger Somby
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Utdanning i Kautokeino Kategori:Samisk kultur Kategori:Statlege høgskular i Noreg Kategori:Skipingar i 1989 Kategori:Samisk høgskole