Jon Leirfall () var ein norsk politikar (Bondepartiet og Senterpartiet) frå Hegra i Stjørdal kommune i Nord-Trøndelag. Han var utdanna sivilagronom frå NLH i 1924. Sekretær i Bondepartiet i perioden 1929-33. Leirfall var gardbrukar og stortingsrepresentant frå 1945 til 1969, men gjorde seg òg kjent som historieforteljar, målstrevar og forfattar. I heimbygda vart han kalla Jon Bertemma, av di han budde på garden Bertem.Leirfall, J., Mangt eg minnes om ei tid som var, Det norske samlaget, 1973.

Jon Leirfall måtte under den andre verdskrigen flykte til Sverige saman med familien sin. Han skriv om opphaldet i Sverige i boka I storm og stille. Blad frå minneboka. Der fortel han mellom anna: «Hausten 1943 tok norsk militæropplæring og oppsetting av norske militæravdelingar i Sverige til. Dette er ei ganske fantastisk historie og eit klart brot på svensk nøytralitetspolitikk. Det strir mot all nøytralitet at ei krigførande makt får høve til å organisere militær verksemd mot ein fiende på nøytralt område.»

Prisar og utmerkingar

I 1962 blei han kommandør av Finlands Lejons orden Frå 1969 riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden I 1974 fekk han Melsom-prisen

Bibliografi 1927 – Undersøkelser over driftsmessige forhold i jordbruket 1930 – Håndbok for tillitsmenn 1936 – Jordspørsmålet i Norge. Et ordskiftegrunnlag for bygdeungdommen 1939 – Studieplan for jamstilling 1960 – Nordkalottens transportspørsmål 1960 – Det vestlandske jordbruket i frihandelsområdet 1960 – Har dei små bruka ei framtid? 1962 – Helleristningene i Hegra 1968 – Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene, 1. bind (3 delar) 1969 – Steinvikholm. Borgen og byggherren 1969 – Meierifesten. Sant og usant frå Trøndelag 1970 – Stormaskina. Frå bygdelivet i gammeltida 1970 – Så seier soga. Mykleting og Marialyst i Borte-Pers tid, med Eskeland og Hetland 1971 – Soga om det store mannefallet 1972 – Soga om Tryggves fall, med Hetland 1973 – Mangt eg minnes om ei tid som var 1973 – Soga om Korvald Kyrre og den store hundestriden, med Hetland 1975 – Soga om det store kvinneåret, med Hetland 1976 – Vest i havet. Vesterhavsøyane gjennom tusen års norsk historie 1977 – Bra folk. Profilar i det gamle bygdesamfunnet 1978 – Soga om Oddvar Rådvill og Per Klipping, med Hetland 1979 – Tusen år på Man. Sagaøya i Irskesjøen 1981 – Sannferdige folk, med Hetland 1983 – Hegra kirke. Kirke og menighet 1536–1783–1983 1984 – Ute og heime 1984 – Soga om ølet fra Drafn, med Hetland 1986 – Old times in Norway 1989 – I storm og stille. Blad frå minneboka

Referansar

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi Bøker av Jon Leirfall digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket Utgjevingar av Jon Leirfall i BIBSYS ASk

Kategori:Målfolk Kategori:Norske forfattarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Ordførarar i Hegra Kategori:Sp-ordførarar i Nord-Trøndelag Kategori:Finlands løves orden Kategori:Vinnarar av Melsom-prisen Kategori:Norske agronomar Kategori:Studentar ved Noregs landbrukshøgskule Kategori:Folk frå Stjørdal