Sørhaugøy fyrstasjon eller Tonjer fyrstasjon er eit fyr som ligg 400 meter nordvest for Haugesund i Rogaland ved den nordlege inngangen til Karmsundet.

Fyret vart oppretta i 1846 og har ein fyrbygning i bordkledd tegl med tårn i gavlen. I tillegg finn ein naust og landing med brønnar, hage, steingardar, veg og tufter etter uthus. Fyret hadde eit linseapparat av 4. orden. Det finst restar etter tyske kanonstillingar like ved fyret.

Fyrstasjonen er ein viktig del av det ytre hamnebilete og med stor alder og godt bevarte bygningar er fyrstasjonen freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Rogaland Kategori:Freda bygg i Rogaland Kategori:Byggverk i Haugesund Kategori:Kulturminne i Haugesund