«I Wanna Be Your Man» er ein song skrive av John Lennon og Paul McCartney, og først spelt inn av The Rolling Stones og seinare av The Beatles.

Beatles sin versjon vart sungen av Ringo Starr og kom ut på albumet With the Beatles i 1963. The Rolling Stones sin versjon var ein tidleg hitsingel for dei, og var ei særs blues-aktig utgåve med Brian Jones på slidegitar og Bill Wyman på drivande bass. Det var òg ein av dei få Stones-songane som hadde Jones på korvokal. I USA vart songen seinare gjeve ut som B-sida til «Not Fade Away» den 6. mars 1964.

I følgje forskjellige kjelder møtte anten the Rolling Stones sin manager og produsent, Andrew Loog Oldham, eller the Rolling Stones sjølv på Lennon og McCartney på gata. Dei fekk vite at Rolling Stones var i beit for ein singel og drog tilbake til øvingslokalet der dei øvde og skriv ferdig «I Wanna Be Your Man», som dei alt hadde skrive versa til, medan Rolling Stones imponert stod ved sida av og såg på.Paul McCartney, Many Years From Now, s. 154

Medverkande på Beatles-utgåva John Lennon – rytmegitar, harmonivokal Paul McCartney – bass, harmonivokal George Harrison – sologitar Ringo Starr – trommer, maracas og solovokal George Martin – Hammondorgel

Medverkande på Rolling Stones-utgåva The Rolling Stones si utgåve kom ikkje ut på eit studioalbum. Han kom først som singel, men vart gjeve ut på samlealbuma Around and Around i 1964 og Singles Collection: The London Years i 1989. Mick Jagger – solovokal Brian Jones – slidegitar, korvokal Keith Richards – rytmegitar Bill Wyman – bass Charlie Watts – trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Wanna Be Your Man» frå , den 4. oktober 2008. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Beatles-songar Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1963 Kategori:Songar produserte av George Martin Kategori:Songar produserte av Jimmy Miller Kategori:Decca Records-singlar Kategori:London Records-singlar Kategori:Songar skrivne av Lennon–McCartney Kategori:Suzi Quatro-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Flamin' Groovies-songar Kategori:Ringo Starr-songar Kategori:The Stooges-songar Kategori:Count Basie-songar