Torbjørnskjær fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein liten holme utanfor Hvaler i Oslofjorden. I lag med Færder fyr markerer Torbjønskjær innseglinga til Oslofjorden og er samstundes eit grensefyr mot Sverige. Fyrstasjonen kom i drift i 1872 og vart avfolka og automatisert i 1990.

Fyret består av ein fyrbygning med eit tårn i gavlen. Fyrbygningen har arkitektonisk verdi med godt steinhoggararbeid. I tillegg finst ein assistentbustad, maskinhus, uthus, brønn og hage, i tillegg til naust og to landingar. Det er vanskeleg å kome i land på øya, så i dag vert det ofte nytta helikoptertransport for vedlikehald av fyret.

Det er både sel og sjøfugl i området og fyrstasjonen ligg i eit område som er verna som nasjonalpark.

Sjå òg Fyr i Noreg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fyr i Østfold Kategori:Kulturminne i Hvaler Kategori:Byggverk i Hvaler Kategori:Samferdsle i Hvaler Kategori:Freda bygg i Østfold Kategori:1872 i Noreg