Bjørg Vik () var ein norsk forfattar og dramatikar fødd i Oslo. Ho var utdanna ved Journalistakademiet, og var tilsett i Porsgrunns Dagblad. Ho debuterte som forfattar i 1963 med novellesamlinga Søndag eftermiddag, og er vorte særleg kjend for novellekunsten sin. Ho var styremedlem i Norsk Forfattersentrum og Pressens Faglige Utvalg. Særleg på seksti- og syttitalet viste forfatterskapet til Vik eit sterkt feministisk engasjement, og i 1973 var ho med på å starte det banebrytande kvinnetidsskriftet Sirene.
Vik er omsett til over 30 språk, og har tre gonger vorte innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris.
Bibliografi 1963 Søndag ettermiddag (noveller) 1966 Nødrop fra en myk sofa (noveller) 1967 Ferie (høyrespel) 1968 Det grådige hjerte (noveller) 1979 Gråt, elskede mann (roman) 1972 Kvinneakvariet (noveller) 1974 To akter for fem kvinner (skodespel) 1974 Hurra, det ble en pike (skodespel) 1975 Fortellinger om frihet (noveller) 1976 Gutten som sådde tiøringer (barnebok) 1978 Sorgenfri: fem bilder om kjærlighet (skodespel) 1979 En håndfull lengsel (noveller) 1981 Det trassige håp (høyrespel) 1982 Snart er det høst (noveller) 1984 Fribillett til Soria Moria (skodespel) 1985 En gjenglemt petunia (noveller) 1987 Jørgen Bombasta (barnebok) 1988 Små nøkler, store rom (roman) 1990 Vinterhagen (skodespel) 1991 Poplene på St. Hanshaugen (roman) 1992 Reisen til Venezia (skodespel) 1993 Den lange veien til et annet menneske (noveller) 1994 Elsi Lund (roman) 1996 Gatenes magi (fortellingar) 1998 Roser i et sprukket krus (roman) 1999 Alt kvinner tilgir (skodespel) 2001 Salong Saratustra (skodespel) 2002 Forholdene tatt i betraktning (noveller) 2003 Søndag ettermiddag (skodespel) 2005 Sensommer (noveller i utvalg)
Prisar 1972: Riksmålsforbundets litteraturpris 1974: Aschehougprisen 1979: Kritikerprisen for En håndfull lengsel 1982: Cappelenprisen 1988: Bokhandlerprisen for Store nøkler, små rom 1992: Ibsen-prisen for Reisen til Venezia 1996: Amalie Skram-prisen
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Feministiske forfattarar Kategori:Vinnarar av Kritikerprisen Kategori:Vinnarar av Amalie Skram-prisen Kategori:Forfattarar frå Oslo Kategori:Vinnarar av Aschehougprisen Kategori:Vinnarar av Cappelenprisen Kategori:Vinnarar av Bokhandlarprisen Kategori:Vinnarar av Ibsenprisen