Tawari (Ixerba brexioides) er eit dekkfrøblada blomeberande tre, det einaste medlemet av den einaste karplantefamilien som er endemisk (stadeigen) på New Zealand. Det finst berre på Nordøya, mellom Waitomo og Kaitaia, og er brukt i produksjon av honning. Treet veks ofte i område med kauritre.

Utsjånad Treet kan veksa seg opp til 15 meter høgt med ein stamme frå 10 til 20 cm i diameter. Det har vakre, kvite blomar, og blømer frå oktober til sist i desember, vanlegvis seinare di høgare og lenger sør det veks.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Ixerba» frå , den 29. september 2008.

Bakgrunnsstoff New Zealand Plant Conservation Network med bilete av tre og blomar.

Kategori:Planteliv på New Zealand Kategori:Crossosomatales