«You Never Can Tell» er ein song av Chuck Berry. Songen vart opphavleg gjeven ut i 1964 på albumet St. Louis to Liverpool. Songen kom òg på singel og nådde 14. plass på den amerikanske singellista. «You Never Can Tell» nådde 14. plassen på singellista i USA og vart den siste songen hans som nådde lista før «My Ding-a-Ling» gjekk heilt til topps i oktober 1972. Songen vart ein countryhit for Emmylou Harris i 1977, og songen er òg blitt spelt av Chely Wright, John Prine, New Riders of the Purple Sage, Jerry Garcia Band,«Jerry Garcia Band, 10-31-92, Oakland Coliseum Arena, Oakland». Shakedown Blog. Henta juli 2010. Bruce Springsteen og Bob Seger.

Skildring Songen skildrar bryllaupet til eit ungt par og hendingane etterpå, som det å leve i ein møblert leilegheit, kjøpe ein familiebil og reise på bryllaupsreise til New Orleans. Refrenget i songen vert gjenteke fem gonger: «'C'est la vie', say the old folks, it goes to show you never can tell».

Pulp Fiction Songen vart ei kort stund populær etter at han medverka i Quentin Tarantino-filmen Pulp Fiction i 1994. Musikken vart spelt under ein dansekonkurranse der rollefigurane til John Travolta og Uma Thurman deltok.

Andre versjonar

Emmylou Harris-versjonen

Emmylou Harris si innspeling av «You Never Can Tell» heiter «(You Never Can Tell) C'est La Vie» og var den første singelen frå albumet Luxury Liner i 1977.

Harris hadde sunge Chuck Berry-songar som medlem av ein visetrio tidleg i karrieren. Ho valde å spele inn Berry-songen etter å ha lytta mykje til gamle rock and roll-songar på turné. Med seg på innspelinga har ho framtredande Cajun-fele frå Ricky Skaggs og songen vart spelt inn 10. august 1976 i Enactron Truck, eit mobilt tudio eigd av produsenten Brian Ahern.

Singelen kom ut 2. februar 977 og klatra til sjetteplassen på C&W-lista i Billboard i april. Songen nådde òg fjerdeplassen i Nederland og femteplassen i flamsk Belgia, i tillegg til ein 41. plass i Tyskland.

Andre 1974 Ronnie Lane på Ronnie Lane's Slim Chance 1975 John Prine på Common Sense 1975 Loggins and Messina på So Fine 1976 New Riders of the Purple Sage på New Riders 1981 Waylon Jennings og Jessi Colter på Leather and Lace 1984 Ian A. Anderson og Mike Cooper på The Continuous Preaching Blues 1985 Bill Wyman's «Willie and the Poor Boys» med Charlie Watts, Andy Fairweather-Lowe, Mickey Gee, Geraint Watkins 1993 Aaron Neville på The Grand Tour 1994 Bob Seger på Greatest Hits (som «C'est La Vie») 1996 Status Quo på Don't Stop 2003 Farmboy på albumet Farmboy (som «C’est la Vie») 2005 Chely Wright på The Metropolitan Hotel (som «C'est La Vie (You Never Can Tell)») 2005 Santiago & Luis Auserón på Las Malas Lenguas (som «Quién lo iba a suponer») 2005 Texas Lightning på Meanwhile, Back at the Ranch (som «C'est La Vie») 2008 Roch Voisine på Americana 2010 The Morlocks på Play Chess 2013 Bruce Springsteen på Wrecking Ball-turneen i Tyskland 2017 Elise LeGrow på Playing Chess

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «You Never Can Tell (song)» frå , den 19. september 2008. Utivda 5. juli 2017

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Songar om New Orleans Kategori:Songar skrivne av Chuck Berry Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Chess Records-singlar Kategori:Songar om ekteskap Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:Bob Seger-songar Kategori:Chely Wright-songar Kategori:Emmylou Harris-songar Kategori:Status Quo-songar Kategori:Waylon Jennings-songar Kategori:Ronnie Laine-songar Kategori:New Riders of the Purple Sage-songar Kategori:Loggins and Messina-songar Kategori:Björn Afzelius-songar Kategori:Aaron Neville-songar Kategori:Vikingarna-songar