30. mars er den 89. dagen i den gregorianske kalenderen (90. under skotår). Det er 276 dagar att av året.

Merkedag

Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar

Religiøs helgedag

Namnedag

Helgendag i den katolske kyrkja: Leonard Murialdo

Hendingar

Utlandet 1282: Opprøret på Sicilia mot fransk styre, kjend som den sicilianske aftansongen, braut ut. 1296: Den første skotske sjølvstendekrigen. Engelske kong Edward I tok Berwick-upon-Tweed og slakta ned innbyggjarane. 1801: Den engelske flåten under leiing av Horatio Nelson bombarderte festninga på Kronborg. 1814: Den sjette koalisjonskrigen under Napoleonskrigane. Koalisjonen mot Frankrike tok Paris, noko som førte til at Napoleon måtte gå av som keisar og reisa i eksil. 1867: USA kjøpte Alaska av Russland for 7,2 millionar dollar. 1912: Sultan Abdelhafid av Marokko skreiv under på Fez-traktaten som gjorde Marokko til eit fransk protektorat. 1918: Dei blodige Marsdagane braut ut i Baku og tilstøytande område i Baku-guvernementet i Det russiske imperiet (no Aserbajdsjan). 1981: Ronald Reagan overlevde eit attentatforsøk i Washington.

Noreg

1935: Opninga av Hardangerbanen.

Fødde mini|Eric Clapton vart fødd i 1945

1135: Maimonides, jødisk teolog og filosof. 1326: Ivan II av Russland 1432: Mehmed II av Det osmanske riket 1746: Francisco Goya, spansk kunstmålar 1811: Robert Bunsen, tysk kjemikar 1820: Anna Sewell, britisk forfattar kjend for Silkesvarten 1844: Paul Verlaine, fransk lyrikar 1878: Nils Waltersen Aasen, norsk oppfinnar 1853: Vincent van Gogh, kunstmålar 1882: Melanie Klein, austerriksk-britisk psykoanalytikar 1914: Sonny Boy Williamson, amerikansk musikar 1945: Eric Clapton, britisk musikar 1965: Tracy Chapman, USA-amerikansk popmusikar

Døde mini|Rudolf Steiner døydde i 1925, 64 år gammal, og vart gravlagd i Dornach i Sveits

365: Ai av Jin, kinesisk keisar 1526: Konrad Mutian, tysk humanist 1664: Guru Har Krisjan, den åttande sikh-guruen 1717: Sébastien Le Prestre de Vauban, fransk militæringeniør 1842: Élisabeth Vigée Le Brun, fransk målar 1848: Jonas Anton Hielm, norsk jurist og politikar 1925: Rudolf Steiner, austerriksk tenkjar 1936: Conchita Supervía, spansk operasongar 1950: Léon Blum, fransk statsminister 1977: Abdel Halim Hafez, egyptisk songar og skodespelar